Lesja Bygdemuseum Foto Tor Ivan Boine 100Px 0298

"Liv i husa" Sommerprogram ved Lesja bygdemuseum

Kvar somar skapar friviljuge liv i husa på Lesja bygdemuseum. Dei demonstrarar bakst- og handverktradisjonar på Lesja. Kvar onsdag kan borna vera med på barneaktivitetar, som Lesja husflidslag organiserar.

Det fyldige programmet finn du mange plassar mellom anna i SommerVigga, på Lesja bygdemuseum si Facebookside og på Lesja kommune sidane, og på vår eiga heimeside. Oppdatert program vil du heile tida kunne sjå på heimesida og Facebook.

Frå tysdag til laurdag er det syna fram tradisjonbakst og handverk i dei ulike husa på museet. Sjå skinnfellsaum, vedhogst eller steiking av skrivarbrød i peisen.

Kvar tysdag i heile sommer kan du møte dei trivlige damene i Firkløveren, dei syr bunad og synar fram teknikkar og arbied.

Kvar onsdag kan borna være med på barneaktivitetar og lære ulike teknikkar og leikar. Lag ditt eiga reip eller lær spelet kongsstikker.

På laurdagar kan du lære meir om ulike lokalhistoriske emner, høyr om oppveksten i Bø krets eller "Engebrekt Hole, dyktig lensmann og folkevenn"

Her kan du sjå heile programmet som står i SommarVigga.


Skrevet av Benedicte Friis Furulund

Publisert den 26.06.2018

benedicte.f.furulund@gudbrandsdalsmusea.no