Jutulheimen Foto Tor Ivan Boine 1200Px 0681

Museet søkjer ny direktør

Gudbrandsdalsmsuea AS søkjer ny direktør frå 1. april 2019.

Gudbrandsdalsmusea AS (GM) er regionmuseum for 9 kommunar i Gudbrandsdalen. Vi har mange avdelingar: 3 friluftsmuseum, fleire temaavdelingar, herunder Norsk fjellmuseum (samlingar, arkiv og formidling), Pilegrimssenter Dale-Gudbrand, 2 stavkyrkjeutstillingar, og privatarkiv (Opplandsarkivet) for området.

Gudbrandsdalsmusea er eit driftsselskap med lokale eigarar av samlingar og anlegg. Vi er 17 tilsette på årsbasis, ca. 43 om sommaren.

Museet søkjer ein direktør med god leiarevne, relevant erfaring og god høgare administrativ og kulturhistorisk utdanning. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, god samarbeids- og kommunikasjonsevne, og god skriftleg og munnleg framføring. Museet nyttar nynorsk. Direktøren må disponere eigen bil.

Løn etter avtale. Stillinga er ledig frå 1. april 2019, eller tidlegare med mogeleg overlapping.

Søknad med CV sendast pr. post til: Gudbrandsdalsmusea AS, Hundorpgeilen 12, 2647 Sør-Fron,

eller på e-post til: post@gudbrandsdalsmusea.no.

Søknadsfrist er 31. desember.

Utlysingstekst

Skrevet av Benedicte Friis Furulund

Publisert den 16.11.2018

benedicte.f.furulund@gudbrandsdalsmusea.no