Dsc 0121

Utstilling om Oddvar Nygaard

I 2019 er det 100 år sidan den kjende musikaren Oddvar Nygaard vart fødd. Dette vart markert med ei utstilling som opna 15. februar i folkebiblioteket i Sør-Fron, og ei hovudmarkering 7. september.

I år er det 100 år sidan den kjende trekkspelaren, spelmannen, musikaren og komponisten Oddvar Nygaard vart fødd.

Jubileumsåret starta fredag 15. februar med ei utstilling i folkebiblioteket i Sør-Fron. Utstillinga viser musikklivet hans i all si breidde med plateproduksjonar, ein fyldig biografi og fysiske gjenstandar. Utstillinga er gratis og vil stå året ut.

Familien etter Oddvar Nygaard har velvillig lånt ut gjenstandar til utstillinga. I tillegg er det henta ut ein del materiell frå arkivet etter Oddvar Nygaard som er levert inn til Gudbrandsdalsmusea: folkemusikkarkivet og Midtdalsarkivet.

Hovudmarkeringa blir 7. september blir det eit større arrangement. Da blir det lansert ei ny bok med 100 av hans komposisjonar, redigert av Rasmus Stauri og Tom Willy Rustad.

Det er ein komite i samarbeid med Sør-Fron kommune og Gudbrandsdalsmusea som står bakom jubileumsåret. Arbeidsgruppa for jubileet er Rasmus Stauri, Øystein Rudi, Bjørn Sletten mfl., frå Gudbrandsdalsmusea har Tom Willy Rustad frå folkemusikkarkivet vore sentral. Eine barnebarnet til Oddvar Nygaard, Mari Stakston, har vore med på å lage utstillinga.


Skrevet av Torveig Dahl

Publisert den 11.02.2019

torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no