
Vi har store samlingar med lokalhistoriske foto og litteratur. Du finn mellom anna brev og artiklar etter amatørastronomen Sigurd Einbu og arkiv frå statsråden og stortingsmannen Lars Moen.

Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse frå heile Midt-Gudbrandsdalen. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Vi er ein sentral aktør i lokalsamfunnet. Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Arkivet i Vågå driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen. Kvar tysdag er slektsarkivet ope for publikum, og dei tilsette bistår med slektsgransking.

Folkemusikkarkivet har ei omfattande samling av notar, lydopptak, intervju, bilete, bøker, artiklar og anna knytt til folkemusikk og tradisjonsmusikk i området.

Folkemusikkarkivet samlar inn og dokumenterer folkemusikk, tradisjonsmusikk og folkedans frå Gudbrandsdalen.