Eit lyft for frivlligheita!

Prisen som «Månadens friviljug» vart oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den gjekk til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandalen. Erfaringa frå året syner at prisen vart så mye meir enn vi hadde sett for oss.

Gjorde innsatsen synleg

- Det er triveleg å bli verdsett!

Sitatet er frå Magnar Bakke, ein av vinnarane av prisen som «Månadens friviljug». Den same reaksjonen har komme frå alle prisvinnarar vi har kontakta. Dei har set pris på at innsatsen dei har gjort på sine felt har vorte sett, lyfta fram og sett pris på.

Glade prisvinnarar er berre eit av mange positive resultat når vi ser attende på markeringa av Frivilligåret 2022.

Det starta hausten 2021 da dei tilsette i Gudbrandsdalsmusea såg framover mot 2022 og kva for aktivitet og tiltak vi skulle satse på det kommande året. Regjeringa hadde bestemt at 2022 skulle ha fokus på frivillig arbeid og inviterte organisasjonar til å synleggjera den frivillige innsatsen, auke kjennskapen, anerkjenne dei frivillige og få fleire med på dugnadslaget.

I Gudbrandsdalsmusea har vi forvaltnings- og formidlingsansvar for historia og kulturarven i ni kommunar i Gudbrandsdalen. Det kulturhistoriske arbeidet i dalen hadde vore vesentleg fattigare utan den frivillige innsatsen. Vi har ikkje tal på timar og folk, men det leggast ned ein kolossal innsats på avdelingane våre . Det vert vøla hus, kokt kaffi, hesja, demonstrert og lært bort husflids- og handverksteknikkar, arkivert, vaska, bakt og reparert. Fleire har vore med gjennom fleire tiår.

Gjennom frivilligåret kunne vi lyfte fram dei frivillige og gjere innsatsen synleg.

-Eg bruker nok 50 timar i veka på frivillig arbeid, seier prisvinnar Borgny Skansen Sletten. Ho er i godt selskap. Dei frivillige reknar ikkje timane dei driv på, men syns det er artig å gjera noko for andre på eit område dei interesserer seg for.

Frivillig arbeid for kulturarven

Gudbrandsdalsmusea ville gje prisen større tyngde og nå breiare ut ved å samarbeide med andre som også arbeider for kulturarven. Difor vart vi svært glade da den nasjonale stiftinga Norsk Kulturarv og paraplyorganisasjonen for historielaga i dalen, Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen vart med på prosjektet. Ein jury med representantar frå dei tre institusjonane har lagt føringane for prosjektet, rammer for arbeidet, handsama innkomne forslag og kåra vinnarane. Det praktiske arbeidet og utdeling av prisane har Gudbrandsdalsmusea stått for.

Det har vore ei lærerik reise. For kva er eigentleg kulturarv? Korleis kan vi vurdere frivillig innsats? Korleis kan vi lyfte fram ein framfor dei mange og likevel inkludere alle?

Vegen vart til mens vi gjekk.

– Det er så mange andre som hadde fortent denne prisen meir enn meg, sa ein forlegen Nils Valde da han fekk overrekt prisen for januar av direktør Øystein Rudi i Gudbrandsdalsmusea sine lokale i Vågå.

Det leggast ned ein enorm innsats, og mange hadde nok fortent prisen. Men, nokon har sett prisvinnarane sin innsats, og gjort eit arbeid i å foreslå vedkommande. Det i seg sjølv er eit bilete på at prisen er vel fortent. Juryen har meint at det kan vere fint at prisvinnaren er ein som fleire kan kjenne seg att i og at det nettopp er kvardagsdugnaden som blir verdsett.

Dette vert stadfesta av god interesse frå media. Kvar pris har vorte presentert både i lokalavis og lokalradio, og nokre også i NRK si distriktssending på radio. Det kan synast som om prisutdelinga har treft ei trend der vi liker å lese historier om alminnelege menneske som gjer ualminnelege aktivitetar.

Erfaringane frå denne fyrste utdelinga brukte vi til å sette kriteria for kåring og utdeling.

Kvar månad fekk sin kategori. Slik ville det bli enklare å forstå kva forslag vi var ute etter. Det ville og gjere synleg kulturarv i eit breitt perspektiv, og at kulturarv både er materiell og immateriell. Vi valde kategoriar vi visste det var stor aktivitet på i vårt område.

Vi ønskte breidde hjå prisvinnaren. Innsatsen som vart lagt ned måtte kome mange innbyggarar til gode. Di fleire som drog nytte av innsatsen, di betre. Difor har vi hatt sterkt fokus på at prisvinnar har hatt ei aktiv formidling til mange målgrupper.

Dei frivillige måtte også virke innanfor vårt nedslagsfelt, altså heile Gudbrandsdalen, frå Lillehammer i sør til Lesja og Skjåk i nord.

Utdelinga la vi til arenaer i det offentlege rom, slik at vi kunne gjera innsatsen til prisvinnar synleg også utanfor eigne rekkjer. Det har vore lett å få innpass til utdelinga både på festivalar og i politiske fora, som til dømes kommunestyremøte.

- Ein viktig innsats for lokalsamfunnet, sa Cecilie Asp, styreleiar i Gudbrandsdalsmusea, da ho delte ut prisen til Lesja historielag i forkant av eit kommunestyremøte.

Slik har prisen bidrege til å gjere innbyggarane stolte av dei frivillige, og innsatsen som gjev resultat alle kan dra nytte av.

Utdelinga ville vi prøve å legge til arenaer i det offentlege rom, slik at vi kunne gjera kulturarven synleg også utanfor eigne rekkjer. Det har vore lett å få innpass til utdelinga både på festivalar og i politiske fora som til dømes kommunestyremøte.

- Ein viktig innsats for lokalsamfunnet, sa styreleiar Cecilie Asp, da ho delte ut prisen til Lesja historielag framfor kommunepolitikarane.

Slik har prisen bidrege til å gjere innbyggarane stolte av dei frivillige, og innsatsen som leggast ned som gjev resultat alle kan dra nytte av.

Liste over prisvinnarane med juryens grunngjeving:

Januar - Nils Valde, Vågå

Februar - Reidar Marstein, Lom

Mars - Kirsti Krekling, Lillehammer

April - Hagegruppa ved Ringebu prestegard

Mai - Jan Ivar Randen, Skjåk

Juni - Leif Inge Schjølberg, Vågå

Juli - Eirik André Høyesveen, Ringebu

August - Lesja historielag

September - Borgny Skansen Sletten, Vinstra

Oktober - Anne Ragnhild Korsvold Saglien, Kvam

November - Magnar Bakke, Vågå

Desember - Fortidsminneforeinga

Eit lyft for kulturarven

For oss som har stått bak prisen, har arbeidet gjennom året vore ei bevisstgjering av kva vi driv med og kor avhengige vi er av den samla frivillige innsatsen i lokalsamfunna. Kulturarven må vera levande, ikkje berre som levningar «på museum». Det dreier seg om den kulturelle varierte rikdomen i bygdene og byane, ein del av kvardagane og med ei naturleg tradisjonsoverføring mellom gamal og ung.

Det er viktig med alle dei dyktige fagfolka innan ulike bransjer som utøver sine yrkesfag som jobb. Det er også viktig med eit godt samspel mellom lokal handlingsboren kunnskap og dei yrkesaktive.

I arbeidet med denne prisen gjennom året har vi lagt vekt på å bringe fram gode representantar for alle dei som driv med ulike kulturuttrykk og kulturformer på fritida si. I tillegg har vi lagt vekt på at det skal vera ei aktiv og god formidling som ein naturleg del av dette.

For Gudbrandsdalsmusea har dette vore ein måte å nå ut til mange andre utanom dei meir faste museumsbrukarane i området vårt. Det å få høve til å gje ut ein pris kvar månad har vore eit privilegium, vi har hatt stor glede av dette, og har funne god inspirasjon til vidare arbeid i og for Gudbrandsdalen – saman med mange andre.

Den frivillige innsatsen for kulturarven i Gudbrandsdalen har vorte lyft fram og gjort synleg, i tråd med hovudmålsettinga vår.

Vi vil med dette takke alle som har sendt inn forslag gjennom året, juryen og for det gode samarbeidet med Norsk Kulturarv og Gudbrandsdal historielag Dølaringen. Denne artikkelen er meint som inspirasjon til dei mange frivillige som er med og held bygdene levande og som vidarefører og held kulturarven levande for alle.


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 30.01.2023

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no