Status for Opplandsarkivet avd. Skjåk etter flaumen.

Opplandsarkivet har ei avdeling i Skjåk med ulikt arkivmateriale som bilete, arkiv og lokalhistorisk materiale. Mange vart råka av flaumen og arkivavdelinga som held til i Bismo saman med folkebiblioteket var som mange andre plassar ein av dei mange som vart berørt.

Det var spennande dagar og timar i Skjåk . Det heile skjedde så utruleg fort. Både arkivansvarleg og kommunalt tilsette med ansvar for arkiva i kjellaren hadde fleire synfaringar. Arkiv ansvarelg i Skjåk, Stein Grjotheim brukte sykkel på for å komme til og frå når hangjorde sine synfaringar sidan vegane var stengde. Stein fortel at det dei var redde for når det kom til arkiva, var tilbakeslag og innsig utanfrå gjennom slukopplegget og grunnen. Heldigvis slapp ein unna med skrekken og ingen skade er skjedde. Det gjeld både sjølve arkivrommet og dei andre romma i kjellaren under kommunehuset. Opplandsarkivet har planar for evakuering av arkivalia og dei låg og klare om det skulle vore naudsynt. Denne gongen gjekk det heldigvis bra og arkivet fungerar igjen som vanleg.

Skrevet av Ellen Sørumgård Syse

Publisert den 23.10.2018

ellen.syse@gudbrandsdalsmusea.no