Gudbrandsdalsmusea er blant dei 10 beste musea i landet!

Gudbrandsdalsmusea er blant dei 10 beste musea i landet i å gjera sentrale føringsdokument offentleg tilgjengelege.

Museumsnytt 2019/1 har ein artikkel av tidlegare direktør ved Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad. Han har gått gjennom heimesidene til alle dei 62 musea i det nasjonale nettverket av museum under Kulturdepartementet. Her har han gått gjennom kva som er lagt ut av styringsdokument: årsmelding, vedtekter, strategiske dokument, styrerepresentantar ol. Korleis gjekk det med Gudbrandsdalsmusea, tru?

Det var 5 museum som fekk full pott: Anno museum, Aust-Agder museum og arkiv, Musea i Sogn og Fjordane, Norsk Bergverksmuseum og Nynorsk Kultursentrum. Gudbrandsdalsmusea mangla utlegging av styreprotokollar, elles var alt på stell, så vi er blant dei 5 som manglar berre det: Jærmuseet, Musea i Sør-Trøndelag, Oslo Museum, Østfoldmuseene - og Gudbrandalsmusea.

Skrevet av Torveig Dahl

Publisert den 07.03.2019

torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no