Gudbrandsdalsseminaret 2023 l Mat - meir enn eit måltid

Matkultur er viktig i det moderne samfunnet, slik og i Gudbrandsdalen.

Lokale mattradisjonar ser ut til å vera under sterk ytre påverknad. Internasjonale gigantar som McDonald’s og Burger King er etablert i dalen dei siste månadane. I mange familiar er middagen ikkje lenger det sentrale, daglege samlingspunktet. Ved institusjonane blir det varma posar frå ASKO, meir enn dei lagar mat frå botnen av på tradisjonelt vis. Og mange reiser verda rundt og adopterer spanande matopplevingar.

Denne dagen får du møte nokre av dei som lever av og for mat og matkultur. Du vil få greie på historie og bakgrunn for eigen matkultur, og kor gamle desse tradisjonane kan vera. Mattradisjonane i Gudbrandsdalen får vakne skråblikk utanfrå, og du får også høyre om korleis tradisjonsmaten vår blir motteken av eit internasjonalt publikum.

Gjennom seminaret vil vi gi eit lite bidrag til at matopplevingar med rot i tradisjonen skal leva enda stoltare i tida som kjem. Krafta som ligg i denne viktige delen av kulturarven vår lyt vi sjølve ta ansvar for å ta vare på. Det vil sikre både våre eigne matopplevingar i tida som kjem, og det vil vera ei viktig kjelde til framtidig verdiskaping!

Midt på seminardagen vil du også få smakebitar frå Gudbrandsdalen sin matkultur.

PROGRAM:

09:30 Registrering og kaffe

10:00 Opning og velkomst Arne Skuterud

10:10 Tradisjon og råvarehistorie i måltidsopplevinga. Andre Sundero

10:40 Korleis undersøke maten og Matressursane i Gudbrandsdalen. Hans Olav Bråtå

11:10 Pause

11:30 Ei matreise frå boka «Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere» til prosjektet «Matnasjonen Norge v/Annechen Bahr Bugge

12:00 Matutstillinga på Maihaugen og matverkstaden kjøkenet v/Kristina Skåden

12:30 Matpause

13:30 Vandring i utstillinga «Mat: Meir enn eit måltid»

14:00 Dølamat til utlendingar v/Haldis Myhre Tvete

14:25 Ysting og kinning på setra v/Anne Hov Randi Solbraa

14:40 Pause

14:55 Frå ysting på setra til høgteknologiske matfabrikkar v/Gutorm Aarnes

15:25 Mat frå gard og grend v/Marit Tordhol

15:40 Mat og religion v/Kåre Hosar

15:55 Om husmannskosten til kvardags og fest v/Odd Jan Skriubakken

16:10 Oppsummering og avslutning v/Øystein Rudi

16:20 Slutt

PÅMELDING:

Bindande påmelding innan onsdag 18. januar 2023 til: post@maihaugen.no

Ved påmelding, gje opp:

  • Namn
  • Adresse
  • Fakturaadresse
  • Telefon
  • Mailadresse

Seminaravgift: 750 kr blir betalt til konto 1503.23.53824

Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov

Kontakt for spørsmål:

  • Kåre Hosar 90 62 78 81
  • Arne Skuterud 90 74 78 75

Enkelte av foredraga vert trykt i årbok for Gudbrandsdalen. Foredraga vert publisert på www.gudbrandsdalhistorielag.no

Skrevet av Sigurd Rønningen

Publisert den 04.01.2023

sigurd.ronningen@gmail.com