Kven blir MÅNADENS FRIVILJUG?

I samband med friviljugåret 2022 vil Gudbrandsdalsmusea gjera stas på folk som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen. Send oss forslag innan slutten av månaden.

Takkar for innsatsen

I Gudbrandsdalsmusea er vi svært takksame for all dugnadsinnsatsen som gjerast av frivillige på alle avdelingane våre. Det leggast ned ein kolossal innsats! Det vert vøla hus, kokt kaffi, hesja, demonstrert og lært bort husflids- og handverksteknikkar, arkivert, vaska, bakt og reparert. Fleire har vore med gjennom fleire tiår, og til og med vore med å bygge opp avdelingar til det dei er i dag.

frivillig.jpg#asset:1161

Torbjørg Utgård på Lesja er ein av mange friviljuge i Gudbrandsdalsmusea. Les meir <a href="https://gudbrandsdalsmusea.no/historiar/5-desember-god-hjelp">her</a>

Det er ikkje berre i musea vi nyt godt av all denne frivillige innsatsen. I heile Gudbrandsdalen engasjerer folk seg for å ta vare på kulturarven vår.

Denne innsatsen vil vi gjerne lyfte fram.

Nå treng vi din hjelp til å kåre månadens friviljug!

Er det nokon du veit om som brukar fritida si til glede for oss alle?

Send forslag til adressa: post@gudbrandsdalsmusea.no

Vi kårer frivillige innan desse tema: Friluftsliv, Husflid og handverk, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Fangst og fiske, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke, Rullande kulturminne, Landbruk irekna hage og husdyrhald.

Presenterer vinnarane

Juryen som handsamar dei innkomne forslaga er:

Erik Lillebråten, direktør, Norsk kulturarv

Torveig Dahl, styreleiar, Gudbrandsdal Historielag Dølaringen

Jorun Vang, Gudbrandsdalsmusea

Dei frivillige vil bli presentert på heimeside og i sosiale media.

Les meir her

Den som blir månadens friviljug får også ein meir handfast takk for innsatsen.

Vi tar kontakt med den du har foreslått før vi publiserer.

Månadens friviljug for januar - Nils Valde!

Månadens friviljug for februar - Reidar Marstein!

Månadens friviljug for mars - Kirsti Krekling!

Månadens friviljug for april - Hagegruppa ved Ringebu prestegard!

Månadens friviljug for mai - Jan Ivar Randen!

Månadens friviljug for juni - Leif Inge Schjølberg!

Takk for at du er med på å synleggjera den frivillige innsatsen for kulturarven i Gudbrandsdalen.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 22.01.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no