Gudbrandsdalsdugurd! Kulinarisk sommarturné med festmåltid

​Godtfolk i heile Gudbrandsdalen - velkomen til bords!

Gudbrandsdalen si eminente museumskokke Kristin Gjerdet Langlais - som sist sommar metta 3000 spelemenn og kvinner på landskappleiken i Vågå - legg i sommar ut på turné med snippsekken full av lokale kvalitetsråvarer og kulinariske oppskriftar. Og du er invitert!

Dugurd er eit måltid som i eldre tider i Noreg vart halde på formiddagen, mellom frukost og middag. Dugurd kan i dag best samanliknast med ein tidleg lunsj, for i tidligare tider byrja ein gjerne å jobbe i 6-7 tida om morgonen. Men du er i feriemodua, så i sommar ynskjer vi velkomen til dugurd kvar onsdag kl 13. Perfekt for tidleg middag eller sein varmlunsj!

Kjøkensjef Kristin dekkar opp med duka bort og klassisk service i eit av Gudbrandsdalsmusea sine besøkssenter eller friluftsmuseum. På bordet kjem dei beste råvarene Gudbrandsdalen har å by på i varm hovudrett komponert på lokale råvarer, toppa med herleg dessert. Lokale og uniker menyar for kvar stad og kvar onsdag.

Måltidet blir servert utandørs, og vi byr på ei sanseleg matoppleving for heile familien eller vennegjengen. Bli ikkje forundra om dykk blir underhaldt med levande kulturarv mellom rettane!

Tysdag 7.juli: Presthaugen // Lom
Onsdag 15.juli: Ullinsvin // Vågå
Tysdag 21.juli: Presthaugen // Lom
Onsdag 22.juli: Lesja bygdemuseum (del av Markens grøde)
Onsdag 29.juli: Ringebu prestegard
Onsdag 5.august: Jutulheimen // Vågå
Laurdag 12.september: Dale-Gudbrand (del av 10-årsfeiring for Pilegrimsenteret)

Pris: kr 270,- / halv pris inntil fylte 16 år!

Bordbestilling: Send museumskokka Kristin e-post på dinkokk@langlais.no

Gler oss til å dele sommarens kulinariske høgdepunkt med dykk!

Skrevet av Sigurd Rønningen

Publisert den 18.06.2020

sigurd.ronningen@gmail.com