Gråtassen & Gullegget viser seg sommareventyr i Gudbrandsdalen!

Bygdeambassadør Øystein Rudi har lagt ut på Gudbrandsdalsferie med gråtass og gullegg – og syner deg mange av dei flottaste attraksjonane og sommaraktivitene Gudbrandsdalen byr på.


Her finn du heile lista over #gullegg i Gudbrandsdalen!

Øystein Rudi – museumsdirektør og glødande Gudbrandsdalsambassdør – innleiar fellesferien med road trip opp gjennom Gudbrandsdalen. Kjøretøyet er ein original gråtass med like original campingvogn – begge frå 1954. Den gullfarga campingvogna har sjølvsagt fått namnet #gullegget

I ei heil sommerveke til ende tek Øystein deg med innom reiselivsattraksjonar og sommeraktiviteter langs heile Gudbrandsdalen frå Ringebu i sør til Lesja og Skjåk i nord og vest. Undervegs legg han ut bilete og film, intervjuar spennende personar og deler selfiar med Gråtassen & gullegget sin feriefavoritter opp gjennom Dalenes Dal på Facebook og Instagram.

Planlegge ferien, helga eller dagsturen i Gudbrandsdalen? Her her du lista over alle #gullegga - og vil du sjå videoar frå kvar stad så finn du dei alle her!

Dag 1: Ringebu og Sør-Fron

Dag 2: Fron og Heidal


Dag 3: Heidal og Vågå

Dag 4: Sel og Høvringen

  • Øygarden
  • Høvringen
  • Smuksjøseter fjellstue

Dag 5: Dovre

  • Hjerleid handverksskule
  • Trollfilm Animasjonsstudio
  • Budsjord pilgrimsgard

Dag 6: Lesja, Vågå og Lom

  • Brendjordsbyen - vi brenn for god bakst
  • Avdemsbue, Avdem Gardsysteri og Avdem Gardsgrønt
  • Lesja kyrkje
  • Lesja bygdemuseum
  • Slådalsvegen
  • Ullinsvin
  • Jutulheimen
  • Brimibue

Dag 7: Lom og Skjåk

  • Nordigard Ramstad // Gardsovernatting, handverksbakst og Gudbrandsdalsegg
  • Lom bygdamuseum Presthaugen
  • Norsk fjellsenter

Vil du få tips til artige og spanande sommaraktiviteter og eventyr, så heng på Gudbrandsdalsmusea på Facebook og Instagram. Gudbrandsdalsmusea byr på eit rikhaldig sommarprogram - med 150 ulike arrangement:

Skjermbilde.JPG#asset:742

Klikk på bilete for komplett sommarprogram 2020!


Finn #gullegget - vinn middag for to!

Treff du tilfeldig på Gråtassen & Gullegget i Gudbrandsdalen i sommar? Del bilete på Instagram eller Facebook med emneknagg #gullegget, så er du med i trekninga av gratis Gudbrandsdalsdugurd for to på valfritt museum i sommar!

Gullegget_logo-rosa.png#asset:745



Skrevet av Sigurd Rønningen

Publisert den 06.07.2020

sigurd.ronningen@gmail.com