Samarbeidsavtale Ole Bull Akademiet og Gudbrandsdalsmusea

Ole Bull Akademiet i Voss og Gudbrandsdalsmusea har funne tona og inngår musikalsk samarbeidsavtale.

"Aust er aust og vest er vest, og aldri skal dei to møtest" heiter det seg. Ole Bull Akademiet og Gudbrandsdalsmusea er av stikk motsatt oppfatting og signerar fredag 20.august ei samarbeidsavtale som kling særs godt.

Avtala inneber at Tom Willy Rustad (bilete), som er tilsett hos Gudbrandsdalsmusea, blir leigd ut til Ole Bull Akademiet. Rustad er ein av landets fremste ekspertar i folkemusikk, så vel teoretisk og som utøvar. Samtidig får Gudbrandsdalsmusea med dette tilgang til eit akademisk nettverk som museet treng og vil nyte godt av.

Formålet med samarbeidet

Samarbeidet skal bidra til å styrke institusjonane fagleg og marknadsmessig. Gjennom samarbeidet skal vi tilby eit samordna og styrka tilbod for studentane til Ole Bull Akademiet og brukarane av arkiv og publikumsretta aktiviteter med folkemusikk som tema i Gudbrandsdalsmusea. Samarbeidet skal bidra til større fagmiljø, deling av kompetanse, styrkning av drifts- og utviklingskompetanse, og meir effektiv og rasjonell drift og ressursbruk.

Tom Willy Rustad

Folkemusikar, komponist og pedagog rekna som ein av landets fremste. Beherskar ei rekke instrument på særs høgt nivå. Spelemann i gruppa Kvarts, to gongar vinnar av Spelemannsprisen.

Ole Bull Akademiet

Stifting for formidling av kunnskap om norsk folkemusikk og folkedans, til studenter på høgskole og universitets-nivå. Les meir: www.olebull.no



Øystein Rudi

Direktør Gudbrandsdalsmusea

913 85 388

oystein.rudi@gudbrandsdalsmusea.no