Vabisen, #gullegget og Gudbrandsdalsmusea i vesterled!

On the road again! Legendariske #gullegget rullar igjen ut på landevegen - denne gong på planet til ein like original Scania Vabis 1966-modell! Spelemann, eventyrar, museumsdirektør og gudbrandsdalsambassadør Øystein Rudi legg i august på ny oppdagingsferd med legendariske #gullegget - denne gong i vesterled heile vegen til fagre Voss.

Vil du vere med så heng på i sosiale media - så syner vi deg mange av dei flottaste attraksjonane, originalane og historiane Vestland har å by på. Særleg dei med link til Gudbrandsdalen!

Øystein Rudi – museumsdirektør og glødande Gudbrandsdalsambassdør – innleiar hausten med road trip frå Gudbrandsdalen via Strynefjellet, Nordfjord, Balestrand og Vik til Voss - og enno ein omveg derifrå heimatt til Gudbrandsdalen. Kjøretøyet er ein original Scania Vabis 1966-modell med ei enno meir original campingvogn frå 1954 på lasteplanet. Den gullfarga campingvogna har sjølvsagt fått namnet #gullegget

I nær ei heil augustveke tek Øystein deg med innom høgst levande historiske attraksjonar og originalar på sin veg, i ein hyllest til den levande og blomstrande kulturarven både Gudbrandsdalen og våre naboar i vest er så fulle av. Undervegs legg han ut bilete og film, intervjuar spennende personar og deler bilete med Vabisen & gullegget sin favorittar og funn i vesterled. Øystein sine eigne tankar og formål med turen kan du lese her.

Planlegge ferien, helga eller dagsturen i vesterled? Her har du lista over alle #gullegga Vabisen og #gullegget vitjar. Vil du sjå postar med bilete, videoar og historieforteljing, så finn du dei alle på museumsdirektør Øystein Rudi si Facebook-side.

Dag 1: Gudbrandsdalen til Strynefjellet

Dag 2: Strynefjellet til Skei i Jølster

Dag 3: Skei i Jølster til Voss

Nyheit på Voss: Signering av samarbeidsavtale Gudbrandsdalsmusea & Ole Bull Akademiet

Dag 4: Voss via Granvin, Ulvik og Lofthus til Bu

Dag 5: Hardanger via Eidfjord over Hardangervidda til Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen

Etterord