BØTE – reparasjon av tekstil før og no

I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klær. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og bruk- og kast samfunnet.

IMG_519811.jpeg#asset:1487


I tidlegare tider handla bøting og reparasjon om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål. Om optimal ressursbruk under trange kår, måtehald og godt handverk. Gjennom heile sommaren i Ullinsvin kan publikum oppleva historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag. Det blir også kurs i bøting og reperasjon, både i gamle og nye teknikkar.

Utstillinga finn du i Presthaugen - Lom bygdamuseum.


Presthaugen - Lom bygdamuseum

Opnar 22/06/2024

Avslutta 15/09/2024