Natur i endring

Korleis har naturen det? Korleis taklar han klimaendringane? Og oss menneske? I denne utstillinga får du møte og fundere på dei store spørsmåla i vår tid - sett frå både naturen og menneska sin ståstad.

Naturen har alltid vore der for oss. Alt vi treng, kjem frå den. Men både vi og naturen har endra oss. Nå endrast økosystema på nye måtar og raskare enn før. Kor mykje skyldast klimaendringar? Kva skyldast menneska si bruk av areal? Kva kjem som eit resultat av forureining og andre menneskelege inngrep? Og kva gjer vi med det heile?

I denne utstillinga kan du finne ut meir om kva som skjer når raudreven flyttar til fjells, tre veks høgare opp i fjellsidene, og vi bygger fleire hytter. Du kan sjå korleis klimaforskarane måler snømengde i fjellet og temperatur langt ned i bakken i Jotunheimen. Og lære om kva dei finn ut ved å studere planter og dyr i fjellheimen.

Utstillinga er støtta av Miljødirektoratet og Sparebankstiftelsen DNB, og utvikla av forskarar ved forskingsprosjekta EMERALD og Natur i endring i samarbeid med Norsk fjellsenter.

Illustrasjon: Rune Markhus

Norsk fjellsenter

Opnar 24/06/2021

Avslutta 22/11/2021