Billedvev - Rakel Onsum Berg

Rakel Onsum Berg var ein av våre fremste biletveverskar. No kan du få oppleve eit utval av verka hennar i ei eiga utstilling på Lesja bygdemuseum.

Biletvev er som namnet seier vovne bilete. Desse vevnadane har førebileta sine i målarkunsten, og slike vovne bilete er kjende her i Europa heilt attende til gotikken (1200-talet). Teknikken kan truleg ha kome frå Kina, og dei eldste egyptiske biletteppa er daterte til 1400 f.Kr.

Rakel Onsum Berg, fødd Blæstrud (1916-2001), frå Dombås, var ein framifrå kunsthandverkar. Ho gjekk i lære hjå den vidkjende vevkunstnaren og pedagogen Sunni Mundal i 1937-37. Mundal skreiv under denne tida følgjande utsegn: "Rakel Blæstrud har lagt for dagen fin sans for fargenes klang og valør, så fortsetter hun som hun har begynt, blir hun en av våre beste kunstveversker". I 1938-39 studerte Rakel ved Statens kunst- og håndverksskole og 1939-40 på vevlina ved Statens kvinnelige industriskole. Her fekk ho den teoretiske utdanninga si. Seinare var ho òg eit halvt år ved Tora Qvillers vevatelier.

I 1988 vart Rakel Onsum Berg tildelt Kulturprisen for Gudbrandsdalen 1987 med grunngiving at ho var ein moderne representant for vevtradisjonane i Gudbrandsdalen.

Utstillinga i Hattremstugu på Lesja Bygdemuseum syner 9 av Rakel Onsum Berg sine verk; det eldste frå 1931 og det nyaste frå 1986.

Lesja Bygdemuseum

Opnar 29/06/2019

Avslutta 31/08/2020