Tømmerfløyting i Gudbrandsdalslågen

I 2019 er det 50 år sidan det sist vart fløyta tømmer i Gudbrandsdalslågen. Utstillinga i Ølstadlåven viser litt av korleis tømmerfløytinga gjekk føre seg, og ikkje minst vil ein med utstillinga heidre dei folka som utførte dette strevsame og farefulle arbeidet.

Tømmerfløyting var ein transportmåte som var brukt i fleire hundre år, men som no er i ferd med å bli heilt gløymt.

Stor eksport av norsk trelast på 1500-talet førte til mykje tømmerhogst lenger og lenger opp i dalane på Austlandet, og transporten sørover til sagbruka var hovudsakleg fløyting. Fyrst på 1700-talet nådde slik hogst og fløyting også bygdene her i Nord-Gudbrandsdalen.

Utstillinga på Lesja Bygdemuseum tek for seg litt av historia til tømmerfløytinga i Gudbrandsdalslågen, særleg med fokus på Nord-Gudbrandsdalen; og ikkje minst folka som utførte fløytinga. Utstillinga viser både bilete og film, samt ein tenkt leirplass for tømmerfløytarane.


Boka "Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen" av Audun Høgbrenna, er til sals i museumsbutikken på Tunstugu.

Lesja Bygdemuseum

Opnar 01/07/2019

Avslutta 17/08/2019