Vågåsommar 2020 // Håkon Bleken, Kjell Erik Killi-Olsen & co

​I samarbeid med Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K) blir det storstilt mønstring av trøndersk kunst i Ullinsvin med Håkon Bleken og Kjell Erik Killi-Olsen i spissen i lag med 19 andre kunstnarar.

Dette blir ei unik moglegheit til å oppleve eit breitt spekter av kunstnarar i samtida som presenterer eit stort spenn av teknikkar, materiale og uttrykksformer.
Utstillinga varar frå 20. juni-30. august. Ope kvar dag kl 11-17. Stengt måndagar.

Opning av utstillinga laurdag 20. juni kl 13 (sjå eiga arrangement på Ullinsvin si facebookside).