Villreinjegarane kjem

Følg menneskje si vandring i Villreinens rike i utstillinga "Villreinjegarane kjem"

I kjellaren på nybygget treff du to utstoppa rein og ei stor utstilling om dei rike tradisjonane for jakt og fangst av rein i Nord-Gudbrandsdalen. Frå isen forsvann og til i dag, har folk frå Lesja søkt til fjellet for å fange villreinen. Både skinn, bein og kjøt frå dyra var livgjevande varer for folk som budde her.

Lær meir om korleis jakta har utvikla seg og sjå funn av gamle fangstreiskap og ski heilt attende frå vikingtida.

Lesja Bygdemuseum

Fast utstilling