3. desember - Gode raad

Goro (eller "god raad") er ei av dei gamle tradisjonsrike julekakene. "Goderåd var en slags hårdbakte, tynde kiks med godt innhold og preget på begge sider med reliefbilder," skriv Henriette Schønberg Erken i kokeboka frå 1914.

Dei gamle oppskriftene inneheld det meste ein kan tenkje seg av godsaker - smør, fløyte, egg, sukker og ein god slump med konjakk. Og ikkje nok med det - den "klassiske" metoden med å kjevle ut deigen til tynne leiver, skjære til etter ein mal og så steike var òg svært arbeidskrevjande.

I dag nytter nok dei fleste ei mjuk røre ("røregoro") som blir klemt jamnt utover i jarnet under steikinga (og som gjev mykje godt avskjer når ein reinskjer kakene etter steiking).

Frå gamalt vart det enten nytta runde jarn som vart sett nedi plata på vedkomfyren, eller det var enkle langskafta jarn som ein kunne legge inn i grua. Seinare kom solide jarn i støypegods som vart brukt på vekomfyren eller på platene på den elektriske komfyren, og i dag har truleg dei elektriske jarna teke over hjå dei fleste som steiker goro.

Marie Lien (1890-1971) steiker goro på vedkomfyr i 1962. Gorojarnet med plass til tre kaker er plata på komfyren. Bilde frå fotosamlinga ved arkivavdelinga på Dombås.

Oppskrift "Gode raad" 1 kg utvasket smør

3 egg

½ l kremfløte

375 gr sukker

1 vinglas konjak

2 teskeer vaniljepulver eller revet citronskal

ca. 1 ½ kg hvetemel

Gorojarnet

Ei goro er ikkje berre ei goro. Det er mange ulike mønster men dei er stort sett variasjonar over eit tema med roser og akantusliknande mønster.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12/2/2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no