Gode raad

Goro (eller "god raad") er ei av dei gamle tradisjonsrike julekakene. "Goderåd var en slags hårdbakte, tynde kiks med godt innhold og preget på begge sider med reliefbilder," skriv Henriette Schønberg Erken i kokeboka frå 1914.

Dei gamle oppskriftene inneheld det meste ein kan tenkje seg av godsaker - smør, fløyte, egg, sukker og ein god slump med konjakk. Og ikkje nok med det - den "klassiske" metoden med å kjevle ut deigen til tynne leiver, skjære til etter ein mal og så steike var òg svært arbeidskrevjande.

I dag nytter nok dei fleste ei mjuk røre ("røregoro") som blir klemt jamnt utover i jarnet under steikinga (og som gjev mykje godt avskjer når ein reinskjer kakene etter steiking).

Frå gamalt vart det enten nytta runde jarn som vart sett nedi plata på vedkomfyren, eller det var enkle langskafta jarn som ein kunne legge inn i grua. Seinare kom solide jarn i støypegods som vart brukt på vekomfyren eller på platene på den elektriske komfyren, og i dag har truleg dei elektriske jarna teke over hjå dei fleste som steiker goro.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Marie Lien steiker goroHer steiker Marie Lien (1890-1971) goro på vedkomfyr i 1962. Gorojarnet med plass til tre kaker er plata på komfyren.
Foto: Fotosamlinga ved arkivavdelinga på Dombås.

Oppskrift "Gode raad"

1 kg utvasket smør

3 egg

½ l kremfløte

375 gr sukker

1 vinglas konjak

2 teskeer vaniljepulver eller revet citronskal

ca. 1 ½ kg hvetemel

Gorojarnet


Ei goro er ikkje berre ei goro. Det er mange ulike mønster men dei er stort sett variasjonar over eit tema med roser og akantusliknande mønster.

gorojern.JPG#asset:1152

Jarnet på biletet er i støypegods frå Jøtul men med eit heilt avvikande mønster. Opphav og alder er ikkje kjent men mønstra set fantasien i sving. Foto: Ola Tovmo

Veit du bakgrunnen til dette jarnet? I så fall vil ola.tovmo@gudbrandsdalsmusea.no vere glad viss du tar kontakt.

Øvst til høgre er det tre vikingeskip som stemner fram over havet, og under desse er ein eldsprutande drage (eller kanskje mest truleg Midgardsormen frå norrøn mytologi). Øvst til venstre er ein person til hest og med sverdet høgt heva - er det Olav den hellige?. Nede til venstre ser det ut til å vere ein person med krone i midten, med ein person med noko som kan likne ei bispehuve på kvar side. Med litt søk på nettet leier det tankane mot kulturminnet "Olav den hellige i alterskapet i Røst kirke".

Hjå Riksantikvaren står det: "I alterskapet i Røst kirke er Olav den hellige fremstilt på klassisk vis med sitt våpen, langøksen, i den ene hånden og i den andre holder han fram et kar med stett og lokk, kanskje nattverdskalken.Helgenkongen tråkker på dragen, som har ansikt som et menneske lik ham selv. Dragen kan tolkes på flere måter, som et bilde på Satan og ondskapen som kongen overvant, kanskje også et bilde på kongens eget syndefulle liv."

Det er fristande å konkludere med at det er eit jarn utgjeve i ved 900-års jubileet etter slaget på Stiklestad i 1030 - men ……

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 02.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no