Dale-Gudbrands gard

Dale-Gudbrands gard har vore eit knutepunkt langs vegen i over tusen år. I dag kan du få omvising langs kulturstigen, informasjon om pilegrimsleden, overnatte eller besøke gardsbutikken.

Velkomen til Dale-Gudbrands gard

Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands gard ligg på tusenårsstaden til Oppland fylke. Senteret har mellom anna ansvar for informasjon om ruter, overnatting, attraksjonar og organisering av vandringar på leia frå Lillehammer til Nord-Sel. Senteret på Hundorp tilbyr enkel overnatting og sjølvhushald for pilegrimar.

Tilknytta senteret ligg ein gardsbutikk som sel lokalproduserte varer og bøker. Gardsbutikken sel og lydturen "Tusenårsstien" - ein adiouvisuell forteljing av gardens historie med fleire tema.

Dale-Gudbrands gard er Oppland fylke sin tusenårsstad på grunn av dei mange gravhaugane og kulturminna som ligg i området. Ein tur etter kulturstigen gir den besøkande moglegheit til å høyre meir om kulturminna og historia. Garden er i dag ein naturleg stopp for pilegrimar på vandring langs Olavsvegen til Nidaros. Du finn og eit vigsla kapell/stillerom her, ein plass for ettertanke og ro.

Gudbrandsdalsmusea gjev også omvisning for grupper, då på bestilling.

Garden husar leiinga i Gudbrandsdalsmusea.

Opningstider

1. juni - 1. september

måndag - sundag

12:00 - 18:00

Elles ope etter avtalle

Contact our shop

Gardsbutikken Phone: 47473494

epost: gardsbutikken@gudbrandsdalsmusea.no

E-post

pilegrim@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

456 04 608

Adresse

Hundorpgeilen 10, Sør-Fron

GPS

(WGS 84): N 61° 32.929', E 9° 57.982'

Kva skjer på Dale-Gudbrands gard

Dale-Gudbrands gard

05
aug.

Kart

Kontakt