Forbod mot julekort

Mange av julekorta som vært laga under okkupasjonsåra hadde mykje skjult symbolikk. Ei flaggstong med flagget på halv stang, eller teksten «God Norsk Jul».

Under krigen vart det utgitt mange kort med vinterlandskapet og kyrkjer som motiv. Fleire av motiva er av folk som går til messe, motiv frå julesalmar og frå norsk vinterlandskap. Dette er motiver som minna nordmenn om ekte norsk jul. Av okkupasjonsmakta vart dette sett på som ein protest. Slike kort fekk, viss dei vart oppdaga av sensuren, beslaglagt og det fekk fyljer for både teiknar, forlag og stadar der desse vart seld. .

Julefeiringa under krigen måtte naturleg nok bli nøktern på grunn av varemangel. Det vart innført rasjonering av matvarer og drivstoff. Allereie i april 1940 ble matmjøl, sukker og kaffi rasjonert. Tobakk, sjokolade og brennevin ble ei mangelvare og strengt rasjonert. Denne verkelegheitene påverka også framstillinga av julefeiringa på julekorta

Eit motiv som gjekk att var kråkefuglar som stel den raude nisselua, kråka skulle symbolisere ein parodi på den tyske ørna. Eller der julenissen og fjøsnissane har nisseluer i andre fargar.

Ja, det var og forbod mot å bære raude luer, men det er ei anna historie.

Kjelde: Norsk folkemuseum

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

2021-12-11-Forbod-Julekort.png#asset:1182

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 11.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no