Ljos mot blot

For 1000 år sida vart Gudbrandsdølane kristna, akkurat her. da seinare Heilag Olav møtte bondehøvdingen Dale-Gudbrand. Kristninga ga også nye skikkar for dei gamle blotedagane.

Lussi langnatt var årets lengste og farlegaste natt. Etter kristentrua vart dette dagen der vi syng og tenner ljos til ære for St. Lucia. På Dale-Gudbrands gard på Hundorp har både den gamle og den nye tradisjonen vorte feira.

Den kristne Lucia og nissen

Etter kristendommen feirar vi Luciadagen etter helgenen St Lucia, kvinna som nekta å gifte seg med ein heidning. Ho fordelte medgifta si til dei fattige og, i fylgje fortellingane, stakk ut auga sine for å sleppe å gifte seg. Markeringa av Luciadagen er i dag 13 desember.

Her treffer ein og nissen, men då som eit overnaturleg vesen som bor i nærleiken av menneske, og var en grå kledd mann med rød lue og skjegg. Han hjelpte til på garden og i huset, om han fekk mat rundt jul. Nissen er nok en overleving frå forfedredyrking, og var et bilde på gardens første herre som kom att for å hjelpe garden videre.

Julefeiringa kom tidleg til Noreg og allereie på 900 talet vart julefeiring etter kristen tru påbode i Noreg. Feiringa vart lagt til 24 desember der fyrste juledag, altså den 25 desember, var den heilagaste. Jula vart ringt inn frå kyrkjeklokkene og fyrste juledag skulle alle gå til juledagsmesse.

Men som alt anna er det mykje som er vevd inn i tidlegare tradisjonar og i førkristen tid finn ein att mange desse.

13. desember i førkristen tid

Luciadagen vart og markert i førkristen tid men med ei heilt anna føremål. Den gamle skikken i Norge baserer seg altså på at natta var den lengste og farlegaste i løpet av året. På Lussi langnatt borde ein aller helst halde seg inne. Lussi var ein kvinneleg vette med et forferdeleg temperament. Ho for rundt og sjekka at alle gjeremål var i rute, som at julebakst og ølbrygging var i gang eller ferdig. Om noko ikkje var ferdig kunne ho kome ned pipa og inn i huset og halde eit svare leven.

Sjølve ordet jul er gamalnorsk og stammar frå Jol. Det er namne på det gamle vinterblotet – på primstaven den 12 januar. Ein av de eldste skikkane var å drikke jul, som var synonymt med å feire jul. Det var rett og slett et drikkoffer til de gamle gudane. Feiringa byrja den 13. januar – altså ein månad framover frå i dag. Med ei feiring i heimen som strakk seg over mange dagar.

Det vart gjennomført bloting (rituell slakting) og drikking av øl og mjød med alkoholprosent på mellom 10 og 20. Då vart det gjort skikkeleg heider på Tor, Odin og Frøy med alkohol og godt kjøt. Ja, sanneleg vart det og slakta ein gris til ære for Frøya.

Om du vel blot eller ljos i dag, må vere opp til deg.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Foto: Per Gunnar Hagelien

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 13.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no