Ølkrus

Øl har frå gammalt av vore ein viktig del av julefeiringa. Tradisjonell juleførebuing har ofte starta med ølbrygging.

På bildet ser du eit ølkrus frå Lom bygdemuseum. Vi veit at slike ølkrus eller ølkanner kom på mote rundt år 1750. Ringebu var ein viktig produksjonsstad for valbjørkkanner, og frå midten på 1700-talet auka dei produksjonen sakte, men sikkert. Valbjørka på Ringebu var særs vakker, og dei brukte å smøre den inn i einebærolje. Det antas å vera noko av årsaka til den myrke farga.

Alt i førkristen tid feira dei jul, eller jòl som dei kalle det. Da hadde dei jòlablòt med ofring der dei håpa på eit godt år. Da drakk dei juleøl til gudenes minne. Øldrikkinga fortsatte også etter kristninga av landet vårt, men no skåla dei for Jesus Kristus og jomfru Maria. Dei meinte at julekvelden skulle ein drikke så ein ikkje tørstar på eit år.

«Tømmer i kande, tømmer i krus,

ingen har ondt av et måteligt rus;

og jula går,

og snart vi får

igjen det gamle gnage» (K. Visted, 2016, Jul i gamle dager)


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 22.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no