Beltebilens helg - feiring av fascinerande fjellhistorie

5. - 7. april 2024

Beltebilens helg - i år på Gålå!

Beltebilen har ein heilt sentral plass i utvikling av turisme i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek i mot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag - og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellet.

Vårens høgdepunkt er fløtt frå Rondane til fjellheimen vest for Gudbrandsdalen av hensyn til villreinen. Velkomen til vårfjellets vakraste eventyr!

Denne helga inviterer vi til å delta i eller oppleve ei fascinerande og fargerik kjøretøykaravane på belter med stor breidde i historiske kjøretøy. Undervegs legg vi vekt på formidling av pionertida, historiene, hendingar og kjøretøyhistorisk utvikling - toppa med spektakulære vinterfjell!

Har du beltebil sjølv er du hjarteleg velkomen - og har du ikkje beltebil, men vil sjå, høyre, lære og kan hende sitte på hjå andre er du like hjarteleg velkomen.

Nytt av året er at vi både får kjørt beltebilane og vist fram dei ulike doningane over to gode dagar.


PROGRAM:

FREDAG 5. APRIL:

Oppmøte for beltebilar og parkering av lastebilar og tilhengarar: Slangen gruve i Skåbu. Adresse kjem!

16:00: Karavane med beltebilar køyrer frå Slangen gruve i Skåbu. Undervegs drypp av vasskrafthistorie knytt til beltebilen.

17:00: Ruten og Dalseter. Stopp med formidling av reiselivshistorie knytt til beltebilen.

19:00: Fefor. Her foretok Scott sine utprøvingar av motorsleder i forkant av ekspedisjonen til Sørpolen. Dette er ei av Noreg sine aller eldste historier med beltekjøretøy på snødekt mark.

19:30: Fefor Høifjellshotell. Middag med någgå attåt.

Overnatting på Fefor Høifjellshotell.


LAURDAG 6. APRIL:

09:00 Frukost Fefor Høifjellshotell

11:00 Innkøyring alle brøytebilar på skistadion på Gålå. Vising av beltekøyretøy og foredrag. Sal av mat og drikke.

14:00 Historisk beltebiltur frå Gålå. Via Toftsetra, Listulhøgda, Fagerhøy og retur om Lauvåsen og Jetningen.

19:00 Middag og beltebilfest på Gålå. Overnatting tingar du gjennom Gålå Booking.


SØNDAG 7. APRIL:

10:00 Felles avreise i karavane frå Gålå i retning Skåbu.

13:00 Ankomst Slangen. Takk for no å heimreise på hjul eller belter.


PÅMELDING BELTEBIL:

Påmelding for deltaking med køyretøy skjer på Facebook-sida "Beltebilens dag".


PUBLIKUM:

Kom som du er - og sjå, høyr, sitt gjerne på og lær!

Gjennom helga vil vi formidle kva betydning beltebilen har hatt opp gjennom åra både før det kom heilårsvegar og for turismen i fjellbygdene. Og ikke minst hylle de uredde sjaførene som la ut på turene med slik utstyr i alt slags vær.

Velkomen til vårens vakraste fjelleventyr!