Hundorp 1021

Bli med på ei heilt spesiell oppleving på Hundorp i sommar! Vikingjenta Ingrid tar deg med 1000 år tilbake i tid, på ei digital opplevingsferd på Dale-Gudbrands Gard. Alt du treng å gjøre er er å laste ned gratisappen HIDDEN AR og la eventyret begynne!

Korleis var det å vera barn og ungdom i vikingtida? I denne digitale opplevinga blir du med vikingjenta Ingrid rundt på Dale-Gudbrands Gard på Hundorp. Sjå staden slik han kan ha sett ut for 1000 år sidan, hjelp til å finne det forsvunne perlekjedet og møt overraskingar inne i ein av gravhaugane.

Hundorp er blant dei mest kjende historiske stadane i Gudbrandsdalen. Her kan du oppleve eit monumentalt kulturhistorisk område med store gravhaugar, steinsetjingar og bautasteinar. I følgje sagatradisjonen møtte kong Olav Haraldsson høvdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021. Snorre Sturlason kalla møtet som markerte eit skilje mellom gamal og ny tid i Noreg, for «klubbeslaget».

Praktisk info:

Tilbodet er gratis og ope kvar dag. Under Tusenårsfesten 29-31 juli 2021 vil turen vere stengt til visse tider når andre arrangement foregår på hovudscena. Du treng ikkje bestille tid, berre ta med eigen telefon og evt. hodetelefon om du går aleine.

Program tusenårsfesten: Hundorp 2021

Turen startar på parkeringsplassen ovanfor Dale-Gudbrands gard. Det er eit skilt der med QR- kode som du scannar for å starte.

Opplevinga er utvikla i samarbeid med gode krefter i Innlandet fylkeskommune, Sør-Fron kommune og produksjonsselskapa HIDDEN og Black Book.

Prosjektet er finansiert med midlar frå Kulturrådet, Innlandet fylkeskommune, Sør-Fron kommune og Sparebankstiftinga DNB.

Skrevet av

Publisert den 27.07.2021

thea@norskfjellsenter.no