Høyringsuttale: Utan Ullinsvin stoppar Vågå

Utruleg mykje positivt har skjedd i Vågåmo sentrum dei siste fem åra. Etableringa av Andre Etasje. Opninga av SOV Lodge. Møteplassen #vågågata. Oppussing av Bokhandel’n og Handelsforeninga. Lista er lang, men den aller viktigaste nyetableringa i Vågåmo er likevel Galleri Ullinsvin – og utviklinga av prestegarden til ein kulturhistorisk arena og turistattraksjon med store økonomiske ringverknader lokalt.

Butikkar og serveringsstader i Vågåmo stadfestar det vi alle har sett: At ein forbløffande høg del av auka i sommarturistar og besøkjande dei siste åra, har same kjelde: Galleri Ullinsvin. På berre fire års drift er galleriet og prestegarden utvikla til største reiselivsattraksjonen i Vågå kommune etter Besseggen målt i økonomiske ringverknadar for resten av bygda. Overnatting, måltid, drikke og handel hjå sentrumsbutikkar og daglegvare blir i sum fort fleire tusen per betalande gjest i galleriet.

Sommaren 2023 sette Ullinsvin solide nye rekordar målt i besøk og omsetning, med utstillingar av H.M. Dronning Sonja og Kjell Erik Killi-Olsen, fotograf Orsolya Haarberg og oss i Gudbrandsdalsmusea. På tunet i Ullinsvin etablerte vi sommar lokalmatutsal som nytt og populært tilbod, og mange titals driftige dugnadsfolk jobba natt og dag for å by tilreisande og bygdefolk ein av dei absolutt flottaste opplevingane Bygde-Noreg kan by på. Frå Vågåmo sentrum og langt opp i fjellheimen vart det lagt att millionbeløp – betalt av gjester med det lett attkjennelege runde klistremerket med Ullinsvin sin U i midten.

Men Ullinsvin har ein akilleshæl: Økonomien. For der kunstpublikum legg att tusenvis av kroner på måltid, overnatting og handel i Vågåmo og fjellheimen, legg same gjest att berre ein dryg hundrelapp i inngangsbillett i Ullinsvin. No som Ullinsvin har tatt steget og etablert seg som ein aktør på den nasjonale kunstscena, opnar det seg heldigvis moglegheiter: Ullinsvin er rigga og klar for å starte prosessen for at sentrale myndigheiter skal bidra med årleg finansiering som stabiliserer og trygger drifta og økonomien – og merkevara som tener heile Vågå og Gudbrandsdalen så godt.

I denne situasjonen har Vågå kommune nyleg innstilt på å kutte heile driftstilskotet til Ullinsvin i fire år framover. Totalt 600.000,- Økonomisk er Ullinsvin som andre liknande institusjonar sårbart – og viss kommunestyret faktisk kuttar heile driftsstøtta, så risikerer bygda sine folkevalde å avlive den største attraksjonen og inntektsskaparen i eige bygdesentrum.

Då kronprinsparet sommaren 2020 sto for den offisielle opninga av Galleri Ullinsvin, hadde eldsjeler, administrasjon og politikarar i Vågå i over 30 år ivra og arbeidd for etablering av eit kunstgalleri på den historiske prestegarden. Sidan har Ullinsvin mot alle geografiske, demografiske og økonomiske odds klart kunststykket å etablere seg som kunst- og kulturarena på nasjonalt nivå. Håkon Bleken. Unni Askeland. Ørnulf Opdahl. Morten Krogvold. Kjell Erik Killi-Olsen. H.M. Dronning Sonja. Rekka av kunstnarar med nasjonale og internasjonale namn er allereie lang – og kunstnarane er utan unntak særs begeistra over kvaliteten og kulturen dei møter i unike Ullinsvin. Kombinasjonen av samtidskunst og kulturminnervern, modernitet og levande kulturarv treff ei djup nerve hos både lokalbefolkning, tilreisande og anerkjende kunstnarar. Takk vere mellom anna ein ekstrem, gratis dugnadsinnsats. Dei driftige seniorane på U-laget er eit flott døme på inkluderande folkehelsetiltak i eit levande bygdesamfunn det er spanande og godt å bu i – med høg grad av bulyst utløyst av mellom anna nettopp Ullinsvin sitt tilbod. Alt saman del av eit berekraftig samfunnsrekneskap der Ullinsvin bidreg enormt på plussida.

Gudbrandsdalsmusea vil på det sterkaste oppmode Vågå sine folkevalde til å ta strategisk samfunnsansvar på kommunestyremøtet 14. desember. Opprettheld kommunen 150.000,- i årleg driftsstøtte til Ullinsvin i åra som kjem, er vi trygge på at dagleg leiar og styre i Galleri Ullinsvin sjølv tek neste steg – og får på plass berekraftig finansiering og eit endå meir unikt publikumstilbod som sikrar dei store ringverknadene vi veit Ullinsvin utløyser. Vi i Gudbrandsdalsmusea står klare med mange tankar og visjonar om korleis vi kan bidra til å utvikle og løfte tilbodet på Ullinsvin framover.

Alternativet veit vi: Viss lokalsamfunnet Vågå sjølve kuttar driftsstøtta til Galleri Ullinsvin, kjem ikkje stat og fylke til å bidra økonomisk. Kvifor skulle dei det viss bygda sjølv ikkje finn Ullinsvin verdt å støtte?

Øystein Rudi, direktør Gudbrandsdalsmusea

Skrevet av Øystein Rudi

Publisert den 05.12.2023

oystein.rudi@gudbrandsdalsmuseea.no