Jul på Tunet

1. desember er det igjen klart for Jul på Tunet. Tunet blir pynta, det er ljos og varme i husa og i eit av dei sitt nissen og ventar spent på kven som kjem.

Program for dagen er klart. Vi har mange flotte lokale seljare med unike produkt, kanskje kan du finne den perfekte julegaven. Det er å mykje god mat å få tak i.

Jul-på-tunet-2018-program-og-kart.jpg#asset:440


Dei frivilljuge laga stiller opp med barneaktivtetar og demonstrasjoar. Sjå smeden smi dei fineste ting. Bli med å lage julepynt saman med husflidslaget.

Julegrisen er klar for slakting, og Lesja bygdekvinnelag skal syne frem korleis du kan tilberede tradisjonell julesylte. Grisen blir slakta etter gjeldane reglar og etter godkjenning frå mattilsynet, så her kan du lære mykje om korleis ein førebua seg til jul når ein ikkje berre kunne gå i butikken å handle ferdig vakumpakka ribbe.

Kjem du ikkje i julestemning utan å kjøre hest og kjerre? Ikkje noko problem, Malin har med både hest og kjerre og tar deg med på ein kjøre tur.

Jul-på-tunet-2018-program-og-kart2.jpg#asset:441


Nissen kjem!

Kjem du?

Skrevet av Ellen Sørumgård Syse

Publisert den 22.11.2018

ellen.syse@gudbrandsdalsmusea.no