Tobakk eller fisk? Kor kjem namnet Karusbakken i Vågå frå?

Jakup Skjedsvoll har sett nærare på namneopphavet i samband med at fortidsminneforeininga skal restaurere staden.

Karusbakken er namnet på ein av dei øvste husmannsplassane i Øygardane ovanfor Vågåmoane. Plassen er ikkje stor, og jordvegen må seiast å vera svært bratt. Det var tidleg mange husmannsplassar under Øy-gardane, og plassen er truleg frå siste halvdelen av 1700-talet. Namnet kan kanskje også vera eit eldre terrengnamn som har gått over til namn på plassen.

Namnet blir uttala karusbakkjin, med to stuttstavingar og fallande tonelag i fyrste leden, og så (litt) stigande tonelag i andre leden.

Det er ikkje nokor innlysande, sakleg og naturleg forklaring på namnet. Eg har derfor inga sikker tyding. Eg har heller ikkje høyrt nokor folkeleg forklaring på namnet. Som plassnamn kan namngjevinga ha grunnlag i så mangt, ikkje berre naturgjevne forhold, men også i personlege eigenskapar ved den/dei som eingong budde der – namn gjeve av folk elles i grenda – av og til også spøkefulle eller til dels reint nedsetjande namn.

Her ser eg to ord som reint språkleg rimeleg kunne vera grunnlag for fyrsteleden i namnet, skrivne kardus og karuss i normal norsk.

Kruttsterke forklaringar

Ein kardus var opphavleg krut pakka inn i eit slag papir – karduspapir – til bruk ved lading av ein kanon med ein kardesk, som var ein pose med blykuler, for å skyte med kanon mot levande mål. Frå dette gjekk kardus over til å bli brukt om grovt innpakningspapir, og deretter til ein pose av grovt papir, særleg til tobakk. Frå der gjekk kardus over til nemning for sjølve tobakken – ”(karva) røykjetobakk (med grovt papir eller kjøpt i papirpose” som det står i Norsk Ordbok. Dette er nå den vanlegaste tydinga i norske dialektar, og er brukt også i samansetjingar som kardusdåse og karduspung. Norsk Ordbok nemner også uttrykka røykja kardus og rulla seg ein kardus.

I vågåmålet kunne nok d-en falle bort slik at vi fekk karus som eit ord for karva tobakk. Karusbakken kunne dermed bli namnet på den plassen Bakken der dei røykte karus, namngjeve slik fordi dei gjorde noko så uvanleg som å røykje tobakk, eller kanskje litt nedsetjande fordi dei ”tok seg råd til” å røykje. Eller kanskje har det vore ein bakke i husmannsgrenda der nokre hadde for vane å møtast og røykje karus og prate litt? Da kan nemnet vera eldre enn husmannsplassen.

Norsk Ordbok har også frå ein stad fått oppgjeve kardus som eit ord for ”turka blad som ungane filtra opp og rulla leikesigarettar av innpakningspapir”. Noko liknande kjem eg i hug frå mine tidlege gutungdagar. På turre stelle som ikkje var bryet verd å fara over med ljåen, voks det burot (Artemisia vulgaris) som vart ståande over vinteren med innturka blad. Desse blada var lette å rispe av til ein handfull, og vart kalla ”tobak”. Dei større gutane rulla seg ”sigarettar” i avispapir av denne ”tobaken”, og somme prøvde vel å tende på og røykje òg. – Sunne saker når ein også tek med at avisene den gongen var trykte med blysats. Ungane leikte seg før i tida òg, og kanskje har dei også den tida laga seg leike-”karus” på same måten. Det er alltids turt nok i Karusbakken til at burota kan vekse der. Da kan Karusbakken vera namnet på staden der ungane fann (leike)karus, for eksempel medan dei gjætte, og dermed også vera frå før husmannsplassen kom der.

Frå folkemunn

Eg må her leggje til at dette er moglege, men usikre forklaringar, også fordi bortfallet av d i kardus vel er mogleg ut frå den språkutviklinga vi elles kan sjå i vågåmålet, men ikkje dokumentert, ettersom ordet kardus/karus ikkje er kjent lenger.

Det andre ordet eg nemnde som mogleg opphav til plassnamnet – karuss – er namnet på ein karpefisk. Her i Vågå heiter fisken karuse, uttala med etterlekkstrykk, med hovudtrykket og lang vokal i andre stavinga. Vatnet i vassdraga her oppover er vanlegvis for kaldt for denne fisken, men han er utsett i ein del småtjern der vatnet er varmare, visstnok ofte av munkar og prestar i mellomalderen. Det har vore karuse i Årsjo like sør for Fossbergom i Lom, og frå der har karusa kome ut i Otta, i alle fall når elva har gått stor. Av og til har det derfor vore teke karuse i Vågåvatnet og i Otta utanfor Vågåmoane.

Karuse har her vore rekna som ufisk, eller kattfisk – og ikkje mat for folk. Det kan synast rart, for i sørlegare land er denne fisken rekna som ein fin matfisk og det var derfor han vart innført og utsett, men slik er det nå. Det er her eg ser ei mogleg forklaring på plassnamnet Karusbakken. Viss det vart kjent i grenda at folket der – kanskje i matnauda – hadde kokt og ete karuse, kunne det sikkert vera grunnlag for eit ”gapskrattnamn” på plassen dersom dei meir vondskapsfulle fekk veta om det. Språkleg ville namnet i tilfelle regelrett bli slik vi uttalar det. Og som eg har nemnt i innleiinga, er namn på eit slikt grunnlag ikkje ukjende elles heller.

For ordens skuld nemner eg at det er svært lite truleg at folket her har hatt karpedam for avl av karuse, både fordi karusa ikkje var rekna for mat, og enda meir fordi det ikkje er terreng for det her.

Dette er også ei usikker forklaring, sjølv om ho er språkleg heilt tilfredsstillande. Konklusjonen må vel derfor bli at vi veit ikkje sikkert kva namnet Karusbakken kjem av, kva det betyr, men her er det i alle fall nokre moglege forklaringar.

Nyheit: Fortidsminneforeininga skal bruke Karusbakken som kursstad

___

Foto: Jorun Vang og illustrasjon frå boka «Gamle hus i Vågå» av Torbjørn Egner


Skrevet av Øystein Rudi

Publisert den 26.11.2021

oystein.rudi@gudbrandsdalsmuseea.no