Ledig stilling på Norsk fjellsenter

Vil du formidle klimaspørsmål, natur og fjellkultur ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 i Lom og Jotunheimen?

Norsk fjellsenter søkjer

Klima- og fjellformidlar i 2-årig engasjement

Om stillinga:

Formidling er ein av primæroppgåvene til Norsk fjellsenter og Klimapark 2469, og vi ynskjer å styrke dette arbeidet ved å tilsetje fjell- og klimafomidlar i 2-årig engasjement med moglegheit for forlenging. Du skal lyfte nivået vårt innan:

  • Forskingsformidling

Kunnskap knytt til natur, kultur, klima og landskapsendringar er viktige satsingsområde for Norsk fjellsenter og klimaparken. Vi ser eit stort potensiale i å vidareutvikle samarbeid vi har med ulike forskingsmiljø i vårt nettverk for i enda større grad kunne være ein arena og kanal for popularisert forskingsformidling.

  • Undervisningsopplegg

Vi samarbeider tett med skuleverket og barnehagar, og ynskjer å utvikle formidlingsopplegg med utgangspunkt i ny læreplan som blir tatt i bruk i 2020 for bruk både i Klimapark 2469, på Norsk fjellsenter og ute i skulane. Kontakt med skule og barnehage, samt gjennomføring av pedagogiske opplegg når desse besøker oss, er dine arbeidsoppgåver.

  • Klimaopplysing

Mange av funna, fakta og forskinga som Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 ynskjer å formidle har klima som aktualitet og fellesnemnar. Vi ser det som vår samfunnsrolle å gå framfor i formidlinga på dette feltet. Følgeleg ynskjer vi at du har føresetnadar for å lyfte innsikt og samanhengar frå dette feltet ut til publikum, politikarar og andre samfunnsaktørar.

  • Kunnskapsturisme

Interessa for kunnskapsturisme er sterkt aukande, og vi ser fortløpande etter moglegheiter for å utvikle tilbod som kan møte denne positive etterspurnaden. Vi søkjer deg som ser moglegheiter knytt til temaområda Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 arbeider med – mellom desse utstillinga Bergtatt, kunnskapssenteret Fjellviten og istunnellen i Klimapark 2469. Du må ha erfaring og kompetanse til å leie slike nybrotsprosjekt frå idéstadiet via konseptutvikling og finansiering til produksjon, implementering og ferdig formidling.

  • Arrangement og aktivitetar

Som tilsett i Norsk fjellsenter er du med i den daglege drifta knytt til arrangement og aktivitetar, og vil mellom anna få eit fagleg ansvar for guidar ved fjellsenteret i sommarsesongen. Du er og tilsikta ei sentral rolle i arbeidet med Lomsløftet – nasjonal konferanse for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i reiselivet

Vi søkjer deg som:

  • Har kunnskap og interesse for formidling av klima, natur- og kulturhistoriske verdiar i fjell- og verneområde munnleg og digitalt
  • Har gode formidlingsegenskaper munnleg og skriftleg – ovanfor både skuleborn og vaksne målgrupper
  • Har god digital forståing, beherskar relevant programvare og raskt sett seg inn i nye tekniske løysingar
  • Sjølv ser og kan gripe dei moglegheitene som finst for samarbeid, finansiering og formidling
  • Har prosjekterfaring
  • Har erfaring med samarbeid inn mot forskingsmiljø
  • Kan jobbe i team og vere ein god vegleiar for andre
  • Har formell kompetanse innan naturvitskap, kulturhistorie og/eller klimavitskap
  • Skriv god (ny)norsk og engelsk, og gjerne beherskar eit anna framandspråk
  • Har førarkort og eit brennande ynskje om å bu og arbeide i fjellbygda Lom

Vi tilbyr:

  • Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer
  • Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene
  • Lønn etter avtale og god pensjonsordning
  • Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom
  • Noko arbeidstid i Klimapark 2469 ved foten av Galdhøpiggen (1850 moh)
  • Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere og gjerne jobb for din partnar

Har du eit sterkt ynskje om å bu og arbeide i ei levande fjellbygd med eventyrleg natur, spanande aktiviteter og engasjerte folk? Aldri har lista vore lågare og arbeidsoppgåvene meir meiningsfulle!

Søknadsfrist 10.november 2019

Ønska oppstart fyrste kvartal 2020

Prestentasjon av stillinga, fjellsenteret, klimaparken og livet i Lom finn du her: http://tiny.cc/kqn0ez

Kontakt dagleg leiar Mai Bakken ved spørsmål: 971 80 469

Info www.norskfjellsenter.no og www.klimapark2469.no

Søknad med CV og tre referansar sendast til: mai@norskfjellsenter.no


Foto: Marit Sletten

Skrevet av

Publisert den 24.10.2019

kjersti@norskfjellsenter.no