Vil du vere fjellviking i sommar? Kom til Lom!

Kvar fredag i juli kan ungar reise attende i tid og prøve seg som fjellvikingar.


NB! Åtte plassar klokka 11.00 og åtte plassar klokka 14.00. Deltaking: 120,- per fjellviking.

Korleis var livet som viking i fjella? Bli med og prøv!

Vikingungane får:

  • vikingnamn, vikingklede og vikingtittel
  • tenne gnist med flint og tennstål
  • skyte med pil og boge
  • lage skinnreim av naturleg garva reinsskinn
  • lage sin eigen amulett som dei får ta med heim
  • lage rune med kolrosing
  • sjå på vikingfunna i utstillinga og lære om fjellvikingane
  • smake på Heidrun sitt vikingbrød og Joar sin vikingdrikk
  • fri inngang i utstillinga Bergtatt på Norsk fjellsenter resten av dagen

Pris: 120 kronar per barn. Book billett til vikingtida her!

Billettar kan kjøpast på nett og i kassa på Norsk fjellsenter. Barn under 6 år bør kome i følgje med ein vaksen. Gruppene er små og vi legg opp til ein meters avstand. Opplegget varar i om lag to timar.

Oppmøte inne ved bålet.


Skrevet av Sigurd Rønningen

Publisert den 23.06.2020

sigurd.ronningen@gmail.com